Poteter
Sesong: Midten av juni - september
Våre sorter: Solist, Rutt, Berber, Arielle, Fakse, Mandel og Asterix
Oppbevaring: I kjøleskap (sval)
Rike på: Vitamin C og kostfiber
Bruk: Passar som tilbehør til dei fleste matrettar. Kokt, steikt, bakt, stua, i supper, gryterettar, salatar og omelettar.
Potetplanta kjem frå Sør-Amerika der den framleis veks vilt i Chile og Andesfjella i Peru. Urfolk har dyrka og ete poteter i omlag 3000 år. Poteta kom til Norge i 1740-åra, og var ei viktig næringskjelde til ein sterkt veksande befolkning. Lærdal var ein av dei første stadene i Norge poteta vart introdusert, kanskje den aller første. Poteter er følsame for lys, og må lagrast mørkt. Temperaturen bør vere mellom 4 og 6°C.